lørdag 5. november 2011

Himalaga frå Klokkargarden




4. november åpna vi Himalaga frå Klokkargarden.



              Vi, er fire damer som held på med mange forskjellige hobbyar.
Det har lenge vore eit stort ønske å ha eit utsalg.

 Så var vi så heldige, at det stod eit lokale som har vore brukt som rosemalarverksted, ledig.

Eigaren har mala og pussa.

Mykje arbeid, for alt var panel.






Så var det for oss å setje alt vi har laga, på plass. Veldig kjekt !!!!

Vi synes det blei veldig bra.






Spenninga var stor då vi hadde åpna. Ville det komma nåken i det heile.....

Joda, ingen grunn til bekymring, til tider var det kø ved disken :-)


Så er det bare for oss å produsere meir.


Veldig kjekt om DU tar turen innom oss.




lørdag 18. juni 2011

Nytt Fretexfunn

Denne stolen fann eg på Fretex i Drammen.


Fæl farge synes eg, så dat var bare å setja igang å fjerna stoffet.....

For eit arbeid !!!!!
 Sat i fleire timar og trakk ut stiftar.
 Pådrog meg faktisk senebetennelse som måtte behandlast.
( Sa ikkje så mykje til legen om ka eg hadde gjort på... )


Men men,etter mykje arbeid, fekk eg av alt og satte i gang med maling og omtrekking.




Blei veldig fornødd med resultatet .


Synes den passa veldig fint til bordet som eg har pussa opp tidlegare.


Så er det bare å planlegga neste prosjekt.

Ha ein fin helg

NYNNO




mandag 23. mai 2011

Brudekjole



Så blir de da stående disse tre:
Tro, håp og kjærlighet.
Men størst blant dem er
KJÆRLIGHETEN!
1.Kor.13.13.


Tidleg i år ringte ei veninna av meg og spurte om eg kunne hjelpa ho med brudekjolen ho hadde kjøpt.

Det skulle eg sjølvsagt gjera...... men tenkte eg meg om... nei.

Brudekjolen kom i hus, nåler blei satt i, og kjolen blei hengt inn i skapet mitt.




Uff ka hadde eg gitt meg ut på ;-)

Så blei motet tatt fram og eg satte i gang.





 Nydeleg kjole rett og slett.

Nydelege detaljar.




Etter kvart fant eg ut koss eg sku gjera det og resultatet blei bra.




Kjolen satt fint og brura blei fornødd.

(Angra på at eg ikkje fekk tatt skikkelige bilder.....)

Måtte dagen og framtida bli god for brudeparet.





lørdag 30. april 2011

Fretex funn

Eg er så heldig at eg bur ikkje så langt frå ein Fretex butikk.
Når eg er i nærheten stikk eg som oftast innom ein tur..

Av og til er eg heldig og kjem øve nåke.

Som dette bordet.....


Bordet var ikkje komt inn i butikken ein gang.
Eg skynda meg inn på leit etter lagermannen ( høyrde ei anna dame som og likte bordet...)

Heldigvis fekk eg kjøpt det, uten tanke for om eg fekk plass i bilen ;-)


Men... heldigvis, mor, barn og bord kom heim.

Slik ser det ut no



Lysestaken fant eg på loppemarked.

 Den var messingfarga.


Synes den blei veldig fin kvit.
 ( Skulle jo bytta lys før eg tok bilde.... men men ikkje alt ein tar seg tid til i farten )

Ha ein fin kveld


Nynno







søndag 24. april 2011

Påske stemning

Stemning på trappa





Herlig tid vi går i møte



Ha ein fin kveld 



tirsdag 12. april 2011

Oldemorsteppe

Valget kvarler

 Eg har lenge tenkt eg skal hekla meg eit oldemorsteppe.
Det eg synes er vanskelig, er å velga farge på teppet.

Har leita og kikka på nett lenge.....

Dei fargane eg valgte er disse



Eg synes dei passa fint saman slik dei ligg no....

Men etter å ha hekla nokre lappar, er eg ikkje heilt sikker.




Det blei liksom ikkje heilt sånn eg hadde tenkt meg.

Ska eg bytta på farge-samansettinga tru ??


fredag 8. april 2011

Påskepynt


Kjekt å laga litt pynt sjølv.
 Har pynta med serviettar, gamle blonder og sløyfer.
Sist men ikkje minst fjær.




                                           Forskjellige størrelsar og pynt.



                                   Påska skal brukast til å slappa av og bare gjera kjekke ting.
                                                                   GLEDA MEG !!!!!