torsdag 23. desember 2010

JUL

     Litt julestemning frå meg til deg.

Denne sparken var eg så heldig og fant på eit loppemarked i fjor. Betalte den nette sum av 10,-
Dei gamle skøytene fant eg på Fretex. Synes dei pynta fint opp på trappa vår saman med sparken.



Eg har masse nissar, men i år blir det bare disse som kjem fram. Dette er året`s nissefar og nissebarn frå Perfect Home.



Dette året har vi pynta juletreet med sølv, rødt og kvitt.
Har kjøpt litt nytt i år og. Stadige fristelsar hos Hilde på  Frøken Fryd.
 Alt av gull er lagt tilbake i kottet .
Det blei ikkje så gode bilder dette.
Mykje finare i virkeligheten.

Har som mål i det nye året å gå på kurs for å læra meg dette.
 Synes det er så kjekt å ta bilder, å redigera, men så er det resten som er det vanskeliga.




Til slutt eit bilde av Nussi og Balder. Dei er veldig gode venner , her har dei ei lita kosestund.......


GOD JUL

NYNNO




søndag 27. juni 2010

Loppemarked

På lørdag hadde vi stort loppemarked.

Det kom mykje folk, og mange fekk nok med seg nokon fine ting heim.

Eg var heldig og fant flotte ting. Koppar og fat, dukar, ein gammal kakeboks som har tilhøyrt bestemor til mannen min. Ei gammal kaffikanne fekk eg og tak i.

Men det aller flottaste var spisebordet med seks stolar til.

Dette skal eg mala kvitt og trekka om putene på stolane.

Kor eg skal ha det til slutt er ikkje bestemt, men ska nok bli ei ordning på det og :-)




mandag 24. mai 2010

Koselig besøk i hagen...

Her ein kveld fekk vi besøk av denne koselige familien.
To små pinnsvin...


Dei var så greie at dei stod heilt i ro, slik at vi fekk tatt nokon bilder av dei.
Dei krølla seg ikkje isamen eingong....

Dei er jammen fine desse små, synd at så mange blir overkjørt no.
Eg er veldig glad for at dei vil vera her i vår hage. Dei likar godt brun-sniglar, noko vi har her.
Så, dei må bare forsyna seg rikelig av dei. Då er det håp om at blomane kan voksa i fred.
Ha ein fin ,mett og god sommar dåke to !!!



Til slutt eit bilde av regnbuen som var ein dag..... Mon tru om det skjuler seg ein skatt i enden av den????


onsdag 21. april 2010

Gamle håndarbeid







I mitt første innlegg har eg lyst til å visa nokon nydelege putevar som eg har arva etter mormor.



Dette er ting eg set veldig pris på, og er veldeg redd for.





Mormor var veldig flink med hendene sine og laga nydelege ting.


På desse putevara har ho hekla fin border som ho har felt inn i stoffet.


Etterpå hekla ho nydelege blondekantar på nokon av sidene.


Ho la ned mykje arbeid i tinga ho laga.


Eg er så heldig og har fått mange, som eg har lagt i ei "rue" på eit bord eg har på soverommet mitt.



















Veldig fin pynt synes eg.


Seinare ein gong skal eg visa andre ting ho har laga.

Eg er heldigvis arveleg belasta, og likar veldig godt håndarbeid av forskjellige slag. NYNNO









Posted by Picasa